Vedtekter for Feistein Fyr Venneforening

 § 1. Vennelaget sitt føremål er å fremja interessa for Feistein fyr, og vera med å leggja til rette for fritidsaktivitetar o.a. av almen interesse, i samråd med leigetakaren Klepp kommune.

§ 2. Alle som vil arbeide for laget sitt føremål kan være medlemer. Medlemskap kan gjelde enkeltpersoner, familier, organisasjonar/institusjonar og bedrifter. Ein person betalar ein standard årskontigent, familier betaler 1,50 std. årskontingent, organisasjonar betaler fem gonger std. årskontingent og bedrifter betaler ti gonger std. årskontingent. Kvart medlemskap gjev ein stemme i årsmøte, sjølv om ein betalar ein høgare pris. For å ha verv i foreningen må man være medlem, og for å være medlem må man ha betalt medlemskap.

§ 3. Laget blir leia av eit styre på 5 medlemer. Fire av medlemmene blir vald av årsmøte. Kultursjefen i Klepp peikar ut ein medlem til styret med personleg varamedlem.

§ 4. Årsmøte vel formann for eit år. Årsmøte vel vekselvis 2 og 1 medlem til styret for ein to-års periode. Det velges 2 varamedlemer for 2 år, vekselvis kvart andre år.

§ 5. Styret kan fatta vedtak når minst tre medlemer er til stades. Styret vel sjølv sekretær og kasserar.

§ 6. Årsmøte blir halde innan utgangen av mars månad. Det blir innkalla med 14 dagars varsel. Forslag til årsmøte må vera komen til styret ei veke i førevegen.
 
Årsmøte skal handsama:

1. Årsmelding
2. Rekneskap og revisjonsuttale
3. Val av leiar for 1 år  og styremdl. for 2 år - 2 varamedl. til styret for 2 år
4. Val av revisor.
5. Val av valnemnd
6. Fastsetjing av medlemskontingent
7. Budsjett
8. Handsaming av innsende forslag.
Ekstraordinært årsmøte blir halde når styret eller minst 1/5 av laget sine medlemer ønskjer det.

§ 7. Årsmøte avgjer alle saker med vanleg fleirtal. Unnateke er endring av vedtektene. Leiaren si stemme vil avgjere ved stemmelikhet. Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal.

§ 8. Medlemskontingenten må vera betalt for å ha stemmerett på årsmøtet

§ 9. Eventuell oppløysing av laget skjer i årsmøte og krev ¾ fleirtal av dei frammøtte. Laget sin kapital og andre eigendeler vert ved oppløysing overført til Klepp kommune, som plikter å bruke midlane etter Vennelagets formål.

Del denne siden